Debatt
    
    
        ISLAMSK LOV: I ein fatwa frå 2013 bad Irans øvste leiar, ayatollah Khamenei, folk om å unngå all kontakt med bahaiane, skriv leiarar i Stefanusalliansen. Biletet er frå mars 2022.
        AP / NTB
    
    Irans brutale jakt på avvikarar
    Vi er glad for norske protestar mot Irans systematiske forfølging av bahaiane. Vi ber utanriksminister Huitfeldt om å vera like tydeleg i kampen mot lange fengselsdommar for kristne konvertittar.
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    I juli kom ei bølgje med razziaer og arrestasjonar mot leiande folk i bahaisamfunnet i Iran. Etterretningsdepartementet skulda dei arresterte for å vera spionar for Israel.
Det vart hevda at dei arresterte er knytte til det internasjonale bahaisenteret i Israel og at dei har samla og utlevert informasjon i Israel, Irans hovudfiende i Midtausten.
Dette er fabrikkerte og absurde skuldingar, svarar Det internasjonale bahaisamfunnet.