BIBELTOLKING: Eg er fullt klar over at kvar utlegging av Skrifta er tolking, også mi eiga. Men all tolking er så visst ikkje bibelsk, skriv Øystein Samnøy.

Ikkje all tolking er bibelsk

26. oktober gjev Oddvar Søvik svar på min artikkel 19. oktober. Der dreg han noko nedlatande i tvil om eg «innser» at eg òg tolkar Bibelen. Eg er fullt klar over at kvar utlegging av Skrifta er tolking, også mi eiga. Men all tolking er så visst ikkje bibelsk.

Les også
Er jeg en vranglærer?

Eit teikn på at tolkinga er rett er at resultatet bekreftar apostelen sin ordlyd og likeframme meining. Men det er ei merkeleg tolking når ein kjem til motsett resultat av den.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Apostelen seier med sterk og klar grunngjeving i Guds skaparordning, at han «tillèt ikkje ei kvinne stå fram som lærar eller å vera herre over mannen». Søvik tolkar seg derimot fram til det motsette.

Dei altså som lærer annleis enn apostelen i dette spørsmålet kjem med vrang lære i forholdet som gjeld mann og kvinne, kor gjerne dei enn trur seg å vera bibeltru.

Les også
Fortolking eller bortforklaring

Det er grunn til å vera skeptisk når plutseleg nokon får «stort og nytt lys» over eit bibelsk spørsmål med svar i same retning som tida og verda sin mote. I nesten to-tusen år har Guds folk lært og trudd at det er mannens sak å vera hyrde i Guds hus. Men når feminismen gjer stormløp mot Guds ord og ordning, då kjem nokon med ei ny tolking tilpassa tidsånda.

Min artikkel handla om at apostelens ord om dette er ei utlegging av 1.Mos. 1–3, altså ei skaparordning.

Søvik problematiserer dette og ved å stilla spørsmål om det ikkje òg skulle gjelda i samfunnet og om det i heile kan vera ei god ordning.

At ei skaparordning får fylgje i det borgarlege liv er sikkert visst nok. Men den kristne kyrkjelyd er ikkje kalla til å laga ny samfunnsordning. Derimot anvender apostelen dette klart og tydeleg inn i heimen og den kristne forsamlinga. Difor skal me òg gjera det.

Når Søvik etterlyser kva denne «hovudrekkja» konkret betyr i heim og kyrkjelyd, så er det eit godt og viktig spørsmål som alle gudfryktige bør vera opptatt av. Det er slik konkretisering NT gir både i hustavlene og orda om korleis gudstenesta skal ordnast.

Men før det gir noko meining å gå inn på det, må det avklarast om ordninga verkeleg gjeld som ei tidlaus Guds ordning. Det skapar diverre Søvik stor tvil om.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Søvik spør kva «som er godt med Samnøys tolking». Det er eit dårleg spørsmål. Spørsmålet er om den er bibelsk. Er den det, så er det nok for dei gudfryktige. For dei veit at Guds ordningar er gode.

Men me skal vera sjenerøse: Som svar lærer Guds ord at det var Guds vilje at mann og kvinne ved å vera ulike med delvis ulike funksjonar både skulle komplettera kvarandre og avspegla noko av Guds vesen og hans forhold til oss (Ef. 5.32). Det er eit høgt og godt kall og viser kor sentralt Bibelen set dette spørsmålet.