KVINNELIG PREST: Apostelen seier at kvinna skal ta imot læra i stilla, underordna seg og ikkje vera lærar eller herre over mannen, skriv Øyvind Samnøy.

Fortolking eller bortforklaring

Oddvar Søvik ser ut til å vera utrøytteleg i sin kamp for å opna for kvinnelege eldste og pastorar. Sjølv om intensjonen hans skulle vera å vera bibeltru, liknar argumenta hans meir bortforklaringar enn fortolkingar av bibelordet.

Bibeltru er ikkje den som sjølv meiner seg å vera det, men den som trur og talar som Guds ord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Historieløs bibeltroskap

Søvik skriv i Dagen 11. oktober at dei som held fast ved motstand mot kvinneleg presteteneste står for ein «historieløs bibeltruskap». Dette grunngjev han med at han meiner å sjå mange dømer i historia på at Gud har velsigna kvinner i slike stillingar. Det er ikkje eit truverdig argument.

Me set ikkje tradisjonen lik Skrifta, langt mindre over den. Verken eg eller Søvik har sikkert nok auga til å døma om dette ut frå det me ser i historia. Det avgjerande er kva Skrifta seier.

Bibeltru er ikkje den som sjølv meiner seg å vera det, men den som trur og talar som Guds ord.

Søvik fører inn vidløftige teoriar om den konkrete situasjonen i kyrkjelydane for å godtgjera at apostelens ord om dette er tidsbestemt. Det kan vera noko i at den konkrete utforminga ofte er bestemt av slike forhold mellom dei som breva i første omgang er stila til. Men sjølve læra er ikkje bestemt av dette. Ho gjeld til alle tider.

Det er særleg tre avsnitt der Gud gjennom sin apostel gjev oss konkret lærdom om desse ting (1 Kor 11,1ff; 1 Kor 14,34–38 og 1 Tim 2,11ff). Dei tre er frå hans tidlegaste brev og frå dei siste, men inneheld same tanke og lære.

I tillegg gjev særleg hustavlene lys over apostelens meining med uttrykk som hovud og underordning (Ef 5, 22ff; Kol 3,18ff og Tit 2,1ff).

Det Søvik ikkje synest å skjøna, er at apostelen på alle desse tre stadane ikkje kjem med noko nytt. Tvert om går han attende til byrjinga og legg ut 1 Mos 1–3. Apostelen gjev gjennom desse orda ei for alle tider bindande utlegging av skapingsorda. Her får me klart vita kva Gud meinte med å skapa mannen først og deretter kvinna som hans medhjelp.

Dette ligg til grunn for orda i 1 Kor 11. Der vert hovudrekkja (v.3) og det at kvinna skal ha eit underordningsteikn på seg når ho bed eller profeterar (v.10) grunngjeve med Guds skaparordning: «For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna er av mannen. Mannen vart heller ikkje skapt av omsyn til kvinna, men kvinna av omsyn til mannen» (1 Kor 11,8f).

Dette gjeld òg 1 Kor 14,34ff: «For det er ikkje tillate dei å tala, men dei skal underordna seg, som lova òg seier.» Med lova meinast her GT, først og fremst 1 Mos 1–3.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det same ser me i 1 Tim 2,11ff.

Konteksten er her at apostelen underviser om korleis ein skal oppføra seg i gudstenestene. Apostelen seier at kvinna skal ta imot læra i stilla, underordna seg og ikkje vera lærar eller herre over mannen.

Grunngjevinga er: «For Adam vart skapt fyrst, deretter Eva. Og Adam vart ikkje dåra, men kvinna vart dåra og fall i lovbrot» (v. 13–14). Apostelen viser altså på ny til Guds skaparordning med syndefallshendinga som åtvarande døme.

Gud skaper først Adam og gjev han oppdraget med å «verna og vakta hagen». Gud gjev han òg sitt ord om kva han ikkje skal gjera og fylgjene av å vera ulydig mot dette bodet. Mannen får altså overgjeve Guds ord.

Deretter skaper Gud kvinna både av mannen og for mannens skuld. Det var ikkje godt for han å vera åleine. Ho er likeverdig (verdi), men samstundes underordna (funksjon). Ho skal vera Adam si medhjelp ved å vera hans «motsvarande». Dette er det nøyaktige uttrykk for det som er omsett som «hans like» (NB 88).

Ho vert så førd til Adam for å vera kona hans. Kva som ligg i dette, kan illustrerast med ein tenkt samtale mellom Gud og Eva basert på apostelen si utlegging.

Les også
Skal jeg gå fortapt?

Når Gud har skapt Eva og ført henne til Adam, seier Eva til Gud Herren:

«Min kjære gode Gud, kva skal vera mi oppgåve?» «Du skal vera Adam til hjelp.» «Ja, kjære Gud, det vil eg så gjerne, men kva konkret skal eg gjera?» «Spør mannen din. Eg har gjort han til din leiar og din lærar. Han kan fortelja deg kva du skal gjera, i forhold til det eg har lært han. Du skal som hans elska kone underordna deg han, slik du underordnar deg meg.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No må ingen tenkja at Adam vidare kunne gjera som han ville. Nei, han hadde si oppgåva frå Ordet som seinare kom i kjøt. Mannen sine plikter mot kona får seinare sitt sterkaste uttrykk i korleis Kristus tok seg av sin kyrkjelyd. Det må ingen kristen mann ta lett på!

Mannen sine plikter mot kona får seinare sitt sterkaste uttrykk i korleis Kristus tok seg av sin kyrkjelyd.

Vidare må ein skjøna at Adam og Eva kjem ikkje berre inn i bilete som det første ekteskap, men som forholda mellom mann og kvinne i det heile. Adam og Eva var òg «kyrkjelyden» i den grad ein kan tala om slikt før fallet. Difor er desse orda gyldige inn i både heimen og kyrkjelyden.

Syndefallsberetninga dreg apostelen så fram til åtvaring. Guds kyrkje må akta seg for det som skjedde. Der er det kvinna som vert ståande i første rekke for å forsvara læra. Ho leier så mannen sin bort frå Guds ord og han let seg leia. Her vert skaparordninga snudd på hovudet.

Guds ord til både mann og kvinne står etter fallet. Kvinna skal framleis vera mor og hustru og underordna seg sin mann, men det smertefulle vert forbunde med oppgåva. Det same gjeld mannen.

Som «kaptein på skuta» vert han først og fremst halde ansvarleg for syndefallet, slik apostelen lærer i Rom 5,18: «Ein manns fall vart til fordøming for alle menneske.» Men Adam har framleis oppgåva si, som no vil vera bunde saman med slitet til døden.

Mange har stussa på 1 Tim 2,15 om kvinnas frelse gjennom barnefødsla. Men dette må forståast i konteksten. Apostelen seier dette i samband med syndefallet. Eva skal vera alle levande si mor (1 Mos 3,20). Og: kvinnas ætt skal knusa slangens hovud (1 Mos 3,15). Hennar fødslar skal verta berginga ved at i hennar ætt fødest Frelsaren til verda.

Slik vert hennar truskap mot morsoppgåve til frelse for henne og heile slekta. Evas døtrer skal fylgja henne etter og vera tru mot sin gudgjevne plass, ikkje ved å trå etter å ta mannens. Slik held fram i kjærleik og helging på sømeleg vis.

Apostelens undervisning om mannen og kvinna si teneste er såleis djupt forankra i Guds skaparvilje og frelsargjerning. Søviks borttolkingar og konklusjonar må difor på apostolisk grunn avvisast som vranglære om mann og kvinne.