Kommentar
MED ELLER UTAN SLIPS: Når kandidatane til det fremste leiarvervet i kyrkjedemokratiet ikkje vil fortelja om skilnader mellom dei, fortel det sitt om at «demokratiutviklinga» i Den norske kyrkja er jag etter vind.
Alice Tegle
Igjen undrar eg: Bryta opp eller bli verande i kyrkja?
I desember skreiv eg første del i ein serie på tre kommentarar om medlemskap Den norske kyrkja. Her følgjer del to. Kyrkjemøtet over for i år. Har det gitt meir lys over om eg bør blir bli verande?
Ei smådaff saksliste. To leiarkandidatar som ikkje veit kva som skil dei. Tre parti drivne fram i ein demokratiprosess ingen heilt trur på. Den som vil vera kristen i Den norske kyrkja, bør vera årvaken.
Kyrkjemøtet 2024 er over for denne gong, og fasit er at lite oppsiktsvekkjande har skjedd. Det er fint, vil mange, kanskje underleg nok, meina.
På Facebook utbryt konservative Therese Egebakken eit «Hurra!» for nyvalt leiar av Kyrkjerådet Harald Hegstad. Han har i det minste ei fortid som tradisjonell teolog. Også frå anna konservativt hald rapportar ein om glede over eit av dei rolegaste og minst konfliktfylte kyrkjemøta på mange år. Det er lett å forstå.