UNDOMSKULTUR: Det er noko som vert røva frå dei. Barndommen, skriv Egil Morland om Idol Junior. Biletet viser dommarpanelet i den «vaksne» utgåva av Idol i fjor. FOTO: Vegard Grøtt, NTB Scanpix

Idol og idolatry

Kva skjer med born, som alt i 8-10-års alder må kle seg, sminke seg og også elles geberde seg slik dei har sett at deira vaksne idol gjer det? Poenget er ikkje at dette skjer med dei nokre hundre som søkjer lykka på denne måten, skriver Egil Morland.

Ungdomskulturen ekspanderer i to retningar, den eine vegen langt inn i alderdommen, den andre vegen inn i tidlege barndomsår. Vi vil bli unge fort, og leva lenge – som unge – men ikkje bli skrøpelege, og slett ikkje døy. Slik må det bli når livsvegen er lang, men horisonten er trang.

Vi har bak oss starten på eit nytt junior-idol-program, tungt investert i av TV2. Og applaudert av håpefulle...foreldre. Dette er ei stor utfordring for kyrkje og kristenfolk. Kva skjer med born, som alt i 8-10-års alder må kle seg, sminke seg og også elles geberde seg slik dei har sett at deira vaksne idol gjer det? Poenget er ikkje at dette skjer med dei nokre hundre som søkjer lykka på denne måten. Poenget – og problemet – er at det skjer med dei mange tusen som vil likna desse.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva er det som skjer? Det er noko som vert røva frå dei. Barndommen. I ein internasjonal og interkulturell mediesituasjon vert ulike programkonsept frakta over landegrensene utan mediering (formidling) via ein heimleg kultur. Det skjer im-mediate (dårleg omsetjing: u-middel-bart). Vi vert våre eigne filter. Men born har ikkje slike filter. Mange får ikkje tid til å utvikla dei heller. Fordi prosessen krev – ja, nettopp – tid.

LES OGSÅ: Idol-sangere stiller opp for Plan

Derfor: Når born opptrer forkledd som vaksne, trur borna at det er born dei ser, og at det er slik det skal vera. Når avisene introduserer den nye «sesongen», vert ikkje kyrkja interpellert. Det vert derimot fornuftige vaksne som veit kva det dreiar seg om. Fordi dei sjølve har gjort solid karriere som artistar. Silje Nergård: «Unge sjeler (...) trenger beskyttelse, ikke hard eksponering, slik at de kan utvikle trygghet og egne, kreative rom».

Den pedagogiske og kulturelle sida ved saka er viktig. Fordi den også handlar om utvikling av religiøs identitet. Både kyrkja og folk flest siterer gjerne og ofte ordet om at borna ikkje må «hindrast» i å koma til sin rett. Eg forstår det både som retten til å vera born og retten til å vera Guds born. Ja, det første òg. Korleis skulle vi vaksne elles læra oss å verta som born?

LES OGSÅ: Kristen lovsang på «American Idol»

Dette er ei stor utfordring for kyrkja. Det barnlege, tillitsfulle sinn er eit uttrykk for det som Jesus «tek inn til» seg. Når vi høyrer slike ord, dannar det seg mentale bilete i oss. Mest truleg av eit spebarn. Men det er feil. Det biletet som skulle ha manifestert seg – biletet av barnet, levande og leikande, i ein prosess som krev si tid – er i ferd med å bli røva frå oss.

Når vi fjernar dette idealet, vert det berre idol igjen. I kortform går det ut på det som Paulus forklarte slik for atenarane: at vi ærar og dyrkar det skapte i staden for skaparen. Eit anna ord for dette er avgudsdyrking. På engelsk heiter det idolatry.

Les også
Strever med urealistiske idealerUng Landsmøte
Les også
Hollywood tar bibelbølgen
Les også
NRK-lisensen fryses
Les også
Den eneste veien til Jesus kan være gjennom TV’n
Les også
Få din egenskrevne lovsang utgitt på EP