For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

ESTLAND: I Estland vert patriark Kirills (biletet) krigserklæring av fleire oppfatta som ein direkte trussel mot Estlands eksistens, skriv Bård Norheim. Biletet er frå ortodoks påskefeiring søndag 5. mai.

Har eit kloster religionsfridom?

Norske kyrkjeleiarar og politikarar gjer lurt i å merka seg det dramaet som no utspelar seg kring Kuremäe kloster i Estland.

Publisert Sist oppdatert

I det nordaustlege hjørnet av Estland, ikkje langt unna grensa til Russland, ligg det eit umåteleg vakkert russisk-ortodoks kloster, med eit svært rikt bøne- og gudstenesteliv. Det legendariske Kuremäe nonnekloster. No har dette klosteret hamna i klemme.

Etter at leiaren for den russisk-ortodokse kyrkja, Moskva-patriark Kirill, i slutten av mars i år uttalte at Russlands krigføring i Ukraina er del av ein heilag krig mot eit satanisk Vesten, øver fleire estiske politikarar sterkt press på klosteret. Dei vil at klosteret skal seia frå seg tilsynet frå Moskva.

FNs menneskerettar stadfestar at einskildmenneske har religionsfridom, men har eit kloster eigentleg religionsfridom?

Powered by Labrador CMS