| Kommentar
Håpet om eit midlertidig farvel
Når det røskar i medpassasjer-sjela.
PERSONLEG: På eit arrangement i regi av Areopagos delte Mia Erlandsen om oppbrot frå kristen tru.
Fredrik Kalstveit
Ei linje kom til meg, som det heiter, signert Leonard Cohen, då eg las Dagen-saka frå Areopagos-arrangementet der Mia Erlandsen tok sitt offisielle farvel med Gud. Ho går slik:
Everybody knows it’s coming apart/Take one last look at this sacred heart/Before it blows/And everybody knows.
Den jødiske artisten som døydde for ti år sidan, i år hadde ei uvanleg evne til tvisyn og til å gi religiøs klangbotn til høgst allmenne erfaringar. Det er difor tekstane hans varer.