| Andakt
Han blei menneske for at vi skulle bli guddommeleggjorde
I kristen samanheng snakkar vi ofte om kva vi er frelste frå: Kristus sigra over synda, døden og djevelen. Men det er også noko stort vi er frelste til, som sjeldnare vert nemnt.
Vi er frelste til liv med Gud, til å bli friske frå våre åndelege sjukdommar og synder, til å bli forvandla og jamvel få del i guddommeleg natur (2 Pet 1,4).
Når vi ser på skapingssoga oppdagar vi at dette også er i tråd med Guds opprinnelege føremål med mennesket. Då Gud skapte mennesket, sa han: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, så dei liknar oss» (1 Mos 1,26).
Men mennesket var ikkje skapt som ei fiks ferdig utgåve, utan høve for vekst eller vidareutvikling. I staden fekk mennesket eit oppdrag med å vidareføra Guds arbeid på jorda, for slik å kunna veksa og modnast.
Ireneus av Lyon (ca. 125 – 203) er ein av dei første kristne som skriv om dette temaet. Han var disippel av Polykarp, som sjølv hadde vore disippel av apostelen Johannes.
I hans fjerde bok av «Mot kjetterne» som me endeleg fekk på norsk i 2025, brukar han spedbarnet som eit bilete på den nyskapte Adam. Eit barn som gradvis skal veksa opp til manns mognad ved å etterlikna skaparen. Med Ireneus sine ord:
«Mennesket vokser til Guds bilde og likhet med Faderens velbehag og befaling (...) Mennesket går fremover steg for steg og nærmer seg det fullkomne, noe som betyr at det skapte kommer stadig nærmere Den Uskapte» (Bok 4, kap. 38.3)
Interessant nok brukar slangen denne veksten mot gudlikheit når han skal narra mennesket til å eta av treet til kunnskap om godt og vondt. Gud hadde sagt at dei ville døy om dei åt av det, men det nektar slangen for. I staden «de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.»
Det høyrest nesten ut som sanninga. For mennesket var verkeleg skapt til å likna Gud. Og når dei ikkje lenger var som born kunne dei også læra å kjenna godt og vondt. Men slangen vrir sanninga om til løgn. Han seier i røynda: De kan få dette utan Gud. Han fortel om ein snarveg som ikkje krev å vera lydig mot Hans ord.
Me kjenner historia vidare. Døden og synda og djevelens makt fekk rådvelde og Gud laga ein plan for å sjølv gå inn i vår tilstand og ta eit oppgjer med alt det vonde på krossen.
Ireneus skildrar det slik: Han lækte ulydnaden som skjedde ved treet gjennom lydnaden som skjedde på treet (altså krossen). Og ein annan stad: «Slangens hovmod ble oppløst gjennom et menneskes ydmykhet».
Jesus gjer det motsette av det Adam og Eva gjorde i fallet. Dei prøve å bli «som Gud» på eiga hand, utan tillit og lydnad. Men Guds Son gav avkall på sin eigen herlegdom og tok på seg det vi er. Han vart menneske og tok på seg vår natur, vår veikskap og vår død.
Dei første menneska strekte hendene ut mot treet i ulydnad. Kristus strekte hendene ut på treet i lydnad. Slik blir krossen det nye livsens tre. Der mennesket fall ved å ta, reiser Kristus oss opp ved å gje seg sjølv.
Eller med Athanasius den store si berømte oppsummering: «Han blei menneske for at vi skulle bli guddommeleggjorde.»
Kristus viser oss kva mennesket frå opphavet var skapt til å vera. Eit sant bilete av Gud, som lever i fullkomen kjærleik og lydnad mot Faderen. Dei gode nyhenda er at han på ny har gjort det mogleg å finna tilbake til dette gudgjevne føremålet. Vi får bli menneske på nytt når Guds Son lever i oss og hans liv gradvis får meir og meir plass (Gal 2,20).
Slik blir vi tatt med inn i fellesskapet med Den treeinige Gud, i Sonens forhold til Faderen, ved Den heilage Ande. Kopla på denne kjelda kjem vi stadig nærare det vi frå opphavet var skapte til: å vera eit levande ikon av Gud i verda.