HALLESBY: Denne bysten av Ole Hallesby skal fjernes fra sin vante plass på MF.

Hallesby var MF

Me må alle læra oss å leva med historia vår. Fortida er ein del av oss, på godt og vondt.

At MF i det heile finst, har sin grunn i tidlegare generasjonars visjonar og offer.

Ole Hallesby vigde store deler av livsverket sitt til MF. Som professor i systematisk teologi frå 1909 til 1951 har han ein uslåeleg rekord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I mange år drog han så å seia kvar helg ut på reise for MF. Og i kampen mot den «liberale» teologien sto han i fyrste rekkje. Det er difor ikkje til å undrast på at Hallesby for mange, vener som fiendar, var MF.

Men tidene har endra seg. Hallesby passar ikkje ved det nye MF. I eit slags intervju med rektor Vidar L. Haanes i Vårt Land 12. juni vert det rett nok sagt at fjerninga av Hallesby-bysten frå MF-biblioteket fyrst og fremst skuldast «praktiske årsaker».

Men det kjem snart fram at det var ein artikkel i Teologisk tidsskrift (av litteraturvitaren Arvid Nærø) som førte til at spørsmålet om fjerning kom opp.

Ifylgje Haanes vert det her «påpekt» at Hallesby på 1930-talet sto for delvis fascistiske haldningar, og at han var «knyttet til kritikkløs antisemittisme».

Det undrar meg at Haanes, som har nyare norsk kyrkjehistorie som spesiale, så glatt aksepterer Nærøs analysar og karakteristikkar.

For i artikkelen – og endå meir i ein populariserande kronikk i Klassekampen 4. mai – nyttar og tolkar Nærø kjeldene på ein utillateleg måte, med ideologiserte omgrep som referanseramme.

Slik får han Hallesby til å framstå som ein teolog med rasistiske, antisemittiske, fascistiske og nazistiske oppfatningar.

Eg har imøtegått Nærøs skuldingar i ein kronikk i same avisa 10. mai og kjem til å svara også i vitskapleg form.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Freistnader på historisk reinsing er ikkje stort betre enn andre reinsingsprosjekt.

Grunnlaget for synsmåtane mine er ti års forskingsarbeid om Hallesby, noko som har resultert i boka «Ole Hallesbys etiske teologi og teologiske etikk. Pietistisk morallære mellom kantiansk formalisme og biblisistisk kasuistikk» (under utgjeving).

Her analyserer eg mellom anna Hallesbys samfunnssyn. Han viser seg som politisk konservativ, med autoritært islett.

Men biletet er ikkje eintydig: Ved å slutta seg til dei liberale fridomsideala, ideen om folkesuverenitet og maktfordelingsprinsippet trer Hallesby fram som moderne demokrat.

Samstundes er han kritisk til parlamentarismen, ikkje minst ut frå erfaringane med den dysfunksjonelle politiske kulturen i mellomkrigstida.

Det siste korresponderer med at han i 1934 kan uttrykkja undring og ei reservert begeistring for visse sider ved Mussolinis Italia og Hitlers Tyskland.

Med tanke på det ein visste om diktaturregimas rettsbrot og represjon og endå meir med Holocaust som linse var dette utillateleg naivt. Men det er langt frå dekning for å seia at Hallesby sluttar seg til fascistisk eller nazistisk ideologi.

Som Nils Gilje har påvist, står etterfylgjaren Leiv Aalen her mykje laglegare til for hogg enn Hallesby.

Tilsvarande viser det seg at Hallesby i mellomkrigstida delte folkelege fordommar mot mot jødar. Så seint som i 1939 hentar han i ein oppbyggeleg tale fram typebiletet av den omreisande jødiske kræmaren som godt kan snyta folk, men er nøye med å halda seg borte frå grisekjøt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette brukar Hallesby som åtvaring mot kristen dømmesykje i kombinasjon med grunnleggjande personleg umoral. På alle vis er ei slik kolportering av anti-jødiske fordommar i 1939 u-tidig. Men igjen: dette tyder ikkje at Hallesby utvikla ein ideologisk eller teologisk grunna antisemittisme.

For Nærø, som altså Haanes stør seg til, er elles klagemålet om antisemittisme vesentleg grunna i at Hallesby gjekk inn for jødemisjon.

At fascisme og antisemittisme ikkje er «holdninger vi ved MF står inne for» (Haanes), er sjølvsagt. Men med dette som grunngjeving å kasta Hallesby ned i gløymslas kjellar, er ei straff som ikkje er heimla i rettvis rettargang.

No er den «helhetsvurdering av Hallesbys historie og virke som teolog» som – ved sida av «praktiske årsaker» – ligg til grunn for fjerninga av bysten, ikkje berre knytt til hans politiske syn.

Også hans radiosende «helvetespreike» frå 1953 tel med, utan at Haanes kommenterer dette vidare. Me reagerer i dag med rette på både tonen, formuleringsmåtane og dei retoriske grepa i Hallesbys tale.

Samstundes kan det kritisk spørjast om ikkje fråveret av eit bibelsk domsperspektiv, basert på Jesu eiga forkynning, er eit større trugsmål i aktuell forkynning og teologi enn «skremsel med helvete» (intervjuet).

MFs avgjerd om å fjerna Hallesby-bysten har fått Gyrid Gunnes til å skriva ein kommentar i Klassekampen 10. juni, «Ned fra pidestallen». Ho er nøgd med fjerninga, men meiner at ein ikkje går langt nok.

Som ei institusjonell botsøving kunne ein til dømes ha sett bysten ved sida av ein plakat som problematiserer Hallesbys posisjon som teolog.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som kontekst for fjerninga av bysten og sin eigen kritikk viser ho til den «statueveltinga» som fylgde i kjølvatnet av drapet på George Floyd i fjor.

I tråd med at ein statue er «et sterkt uttrykk for at samfunnet tilslutter seg de verdiene og bragdene som den som ble hugget i stein sto for», skal statueveltinga uttrykkja «sammenhengen mellom de problematiske sidene ved den avbildede og politiske, økonomiske og sosiale realiteter i dag».

Den fysiske statueveltinga er eigentleg berre eit synleg uttrykk for den identitetspolitiske eller woke-istiske trenden som i dag trugar med å kvela både ei sakleg historiegransking, eit ærleg historisk medvit og eit ope offentleg ordskifte.

Når Haanes i intervjuet lett humoristisk viser til at MF verken har tenkt å øydeleggja statuen eller å dumpa han i sjøen, slik tilfellet har vore med statuar av kontroversielle personar i USA, vedgår han eigentleg at avgjerda er å tolka i denne ideologiske konteksten.

Verkemidla er nok snillare, men ideen er den same: å stempla eller fjerna deler av historia som ikkje høver med aktuelle sjølvbilete og ideal.

Me må alle læra oss å leva med historia vår. Fortida er ein del av oss, på godt og vondt. At MF i det heile finst, har sin grunn i tidlegare generasjonars visjonar og offer.

Om høgskulen har slått inn på nye vegar, må ein i det minste syna respekt for dei som har grunnlagt institusjonen og bore han oppe.

Ein person og teolog som Hallesby inviterer til kritisk gransking, og det må sjølvsagt vera rom for at MF som institusjon markerer avstand til hans synsmåtar og praksis.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men det må kunna ventast at høgskulen i sin omgang med ein person av Hallesbys format baserer sine vurderingar og avgjerder på eit fagleg sikra grunnlag. Freistnader på historisk reinsing er ikkje stort betre enn andre reinsingsprosjekt.