| Debatt
Gud leier oss på det personlege planet
Tidligere redaktør i Dagen, Johannes Kleppa.
Kai Flatekvål
I Dagen har det gått ein debatt om korleis Gud talar, om profetisk tale, om Guds leiing, om Andens gjerning og meir til. Eg synest debatten til dels har vore forvirrande fordi ein snakkar om ulike ting samstundes som om det var same tingen, og ein legg til dels ulikt innhald i dei same orda.
Noko av det avspeglar også ei ny tolking som kom med karismatikken med tanke på forståinga av nokre av nådegåvene. Eg skal ikkje ta mål av meg til å rydda opp i det heile, men eg vil bidra med nokre synspunkt og nyanseringar.
I all evangelisk kristendom er prinsippet om Skrifta åleine heilt avgjerande. Det er sjølve læreprinsippet som ligg til grunn for dei ulike lærestandpunkta og den totale kristendomsforståinga. Dette prinsipper seier at det er gjennom Guds ord i Bibelen at Gud openberrar seg for oss menneske, og det er ut frå denne openberringa all lære skal fastsetjast og prøvast.