For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

KJETTERSK TANKE: Eg kan ikkje fri meg frå ein kjettersk tanke om at Hans Fredrik Grøvan vel å nytte ordet kulturarv og appellere til dei positive konnotasjonane kulturarv-ordet har, for eigenleg å argumentere for ei tyngre vektlegging av kristendom, kristen etikk og kristne verdiar i norsk politikk, skriv innsendaren.

Grøvan og omgrepet «kristen kulturarv»

Som leiar for eit institutt som har kulturarv som ansvarsområde, stoppa eg ved Hans Fredrik Grøvan sin kronikk i Dagen 7.10.2020.

Publisert Sist oppdatert

Tittelen var «vår kristne kulturarv skal ikke gjemmes bort». Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) arbeider på heile kulturminnefeltet, og har blant anna eit høgt fokus på kyrkjer og kyrkjekunst – som eg litt for raskt gjekk ut ifrå at var noko av det Grøvan ville skrive om.

Eg antok at eg ville vere svært samd med han i at dette er ein felles kulturarv som absolutt bør hegnast om og ikkje gøymast bort! Men eg var også spent på korleis han forheld seg til si eiga regjerings nye kulturmiljømelding og det som står om kyrkjer og kulturarv der? (Nye mål i kulturmiljøpolitikken, Meld. St. 16 (2019–2020) frå Klima og miljø-departementet.)

Men Grøvans konkrete utgangspunkt er at Venstre har tatt setninga «Det norske samfunn er preget av kristne og humanistiske tradisjoner» ut av sitt prinsipprogram.

Powered by Labrador CMS