| Debatt
    Grenselaus unnskyldning frå preses
    
    
        OSLO: Preses Olav Fykse Tveit og
Den norske kyrkja sa unnskyld til alle skeive på London Pub.
        Kai Flatekvål
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    «Unnskyld til skeive». Det var overskrifta på ein tale som preses i Den norske kyrkja (Dnk) heldt på London Pub i Oslo 16. oktober 2025. Målgruppa og i stor grad tilhøyrarane var det som vert kalla «skeive», som faktisk er det ordet dei brukar om seg sjølve. Det er mykje som kan seiast om denne talen og denne unnskyldninga, som vart gitt på ein kjent samlingsstad for skeive. Staden vert omtalt som «symboltung», og med det skulle også unnskyldninga få ekstra tryngde.
Det første vi kan merka oss, er at preses brukar ordet «skeive» utan noko som helst definering, avgrensing eller presisering. Med det kan folk med kva som helst seksuell orientering og utfalding definera seg inn under den gruppa Dnk sa unnskyld til. Også ord som LHBT+-identitet, regnebogeflagget, regnbogegudstenester og Pride-paradar vart brukte totalt aksepterande og inkluderande. Det er med andre ord absolutt null normativitet med tanke på seksualnormal og seksuell praksis i talen. Det er ingen seksuelle grenser, men grenselaus unnskyldning.
Det som er enda verre, er at unnskyldninga heller ikkje har ei grense med tanke klassisk kristen forståing av ekteskap og samliv. Preses unnskyldar på vegner av Dnk den læra om ekteskapet som er nedfelt i Bibelen og den lutherske vedkjenninga, den læra som ei universell kyrkje har stått for gjennom heile kyrkjehistoria - og i all hovudsak står for også i dag, og som ein god del av Dnk sin prestar og medlemmar står for. Unnskyldninga utdefinerer med det klassisk og allmennkristeleg lære om samliv og ekteskap, og utdefinerer med det også store delar av kyrkja sine medlemmar og tenarar.