DØVE: Det er dette stoffet regissør og manusforfattar Bentein Baardson (biletet) har dukka ned i og formidlar på scena, til døve og høyrande. Dramatiseringa tek mellom anna utgangspunkt i intervju med ti døve som overlevde Auschwitz, skriv Birger Bolstad.
Tor Erik Schrøder, NTB scanpix
Gråtande hender
Korleis behandlar me funksjonshemma i samfunnet vårt? Kva liv har funksjonshemma hatt opp gjennom historia?
Desse viktige spørsmåla har kverna i hovudet mitt etter at eg såg den tankevekkjande teaterforestillinga «Gråtende hender. Om døve i Hitlers Tyskland» i Ål kulturhus tidlegare i år.
Då fortalde Teater Manu om forfølgjingane av døve under 2. verdskrig. Lovpålagt sterilisering av døve skjedde i Tyskland alt på 30-talet. Nazistane hadde sett i gang systematiske tiltak for å rydda ut døve; dei såg dette som ein naturleg del av det rasehygieniske programmet.
Alle «degenererte individ» som leid av «arvelig åndssvakhet eller fysisk misdannelse» skulle utryddast. Gjennom programmet Aktion T4 vart tusenvis tekne livet av mellom 1939 og 1945.