Debatt
UKRENKJELEG: Landsmøtet (biletet) har jo nett behandla det spørsmålet, og samrøystes slutta seg til at livet startar ved befruktning og derfor er ukrenkjeleg, skriv Trude Brosvik.
Lars Thomas Nordby / NTB
Gjeld menneskeverd berre ufødd liv?
I desse dagar behandlar Stortinget enno ein gong eit grunnlovsforslag, nettopp frå KrF, om å leggje retten til liv frå befruktning til naturleg død inn i Grunnlova.
I etterkant av landsmøtet til KrF er det fleire lesarinnlegg i Dagen som «fiskar i rørt vatn» for å fortelje at KrF ikkje er til å stole på i abortsaka og dermed ikkje eit parti kristne bør stemme på.
Mitt enkle spørsmål til dei er; kvifor avgrensar de menneskeverd til berre å gjelde ufødd liv? Eller nestekjærleiken til å gjelde dei næraste? Eller nektar å sjå dei store samanhengane som forvaltaransvaret gjev oss?
For meg blir det hul retorikk, og svært selektiv bibelbruk, når heilskapen i politikken blir oversett. Og lite tillitvekkjande på om «kristen» argumentasjon blir brukt når strategiar for korleis vi kan nå felles mål om å ta vare på flest mogleg ufødde barn vert formidla som at KrF går bort frå at livet er ukrenkjeleg frå starten av.