Meninger
GENERASJON: Leiarskap går frå generasjon til generasjon, men det er ingen automatikk i at den nye generasjonen blir slik foreldra var, skriv Erling Thu.
Sara Johannessen Meek / NTB
Gje det vidare!
Misjonsoppdraget handlar om å gje vidare til andre det vi sjølv har fått forkynt, teke imot og opplevd. Misjon er noko personleg som vi alle kan ta del i.
Når evangeliet har kome til oss, blir ansvaret vårt å gje det vidare til andre og trena dei opp til å gje det vidare til andre. Denne prosessen må aldri stoppa opp. Evangeliet må ut til nye menneske.
Misjon handlar altså om å fostra fram ein ny generasjon som kan føra evangeliet og det store oppdraget vidare. Forsamlinga som Guds familie står sentralt i Guds plan.