Debatt
GENERASJONAR: Dei eldre treng dei unges kompetanse og dei unge treng dei eldre sin livserfaring og visdom.
Adobe Stock
Generasjonane treng kvarandre
Kanskje tenke du at vi som er eldre tilhøyrer fortida, eller du opplever gjerne at du ikkje henge med på tekniske løysningar og digital utvikling og kjenner deg meir og meir utdatert på fleire område. Du tenke kanskje at dei unge er dei som veit best og at dine erfaringar ikkje er så viktige.
Men tru meg, også dei unge kan føle seg usikre. Dei kan kjenne på ein uro og frykt for korleis framtida vil bli og korleis dei skal klare oppturar og nedturar i livet.
Fakta er at vi treng kvarandre på tvers av generasjonane. Dei eldre treng dei unges kompetanse og dei unge treng dei eldre sin livserfaring og visdom.