Debatt
KLIMAKONFERANSE: Rolf Kjøde er førstelektor ved NLA Høgskolen og tidligere generalsekretær i Normisjon. Her avbildet under konferansen «Klimakrisen i lys av kristen tro» i Salem i Bergen 23. mars.
Tarjei Gilje
Går klimaengasjement ut over misjonen, eller heng det saman?
1. Kor stor er Guds plan?
Kristen misjon står i teneste for evangeliet. Misjon er svaret på den treeine Gud kall. Han som sendte Sonen og som sendte Anden, sender no si kyrkje ut i verda med eit oppdrag og ein bodskap om det Riket som skal kome.
I misjon kjem dei store orda opp. Misjon er noko som tilhøyrer den treeine Gud. Misjon peikar fram mot Guds rike.