Debatt
GUDS LOV: – I heilage rom gjeld Guds lov framfor alt, og det er ein lang tradisjon for at heilage rom er siste sjanse for forfølgde menneske, sa Oddny Miljeteig i intervju med Dagen.
Birgit Opheim
Full støtte til Miljeteig om kirkeasyl
Oddny Miljeteig, frå SV og Bjørgvin bispedømeråd, har heilt rett. Staten må respektera kyrkjerommet og ikkje senda politiet inn for å henta ut kyrkjeasylantar.
I eit fritt samfunn må det vera grenser for alle, inkludert statsmakta. Ei slik grense går ved dørstokken inn til Guds hus. Eit sivilisert samfunn aksepterer den grensa og sender ikkje inn politiet i kyrkjerommet for å henta ut flyktningar som fryktar for livet sitt.