VISJON: Det er ikkje kvar dag visjonen om å vere ein fredsberar får heilt gjennombrot i eit presteliv. Nokon dagar siver motløysa si tåke innover meg, og gjer at eg har lyst til å seie takk for meg og gi opp heile greiene. Andre dagar er stridslysta så sterk at det å vere ein fredsberar er langt unna røynda, skriv Ola Ohm. Biletet er frå Kyrkjemøtet i april. FOTO: BIRGIT OPHEIM

Fredsbærer i stridstider

Den ryggdekninga vi tidlegare hadde, forsvann då Kyrkjemøtet sidestilte dei to syna på homoseksuelt samliv. Då blei det opp til kvar einskild prest kva vi skulle meine om det, og som åra har gått blir vi som står fast på det klassiske synet meir og meir bakstreverske i andre sine augo.

I 2009 fekk Stavanger bispedømme ny biskop i Erling Pettersen, og på grunn av hans syn på homoseksuelt samliv bestemte ei gruppe prestar seg for å avstå frå å delta i nattverd saman med han for å vise at einskapen og fellesskapet i kyrkja var brote. Dei fleste prestane i bispedømmet vårt sto ikkje på Carissimi-lista, men mange av oss kjente på kroppen at ei endring hadde skjedd i det på mange måtar Soria Moria-liknande bispedømmet vårt. Kampen vi tidlegare hadde betrakta utanfrå, hadde gjort seg gjeldande hos oss. Gjennom Bjørn Bue og Ernst Baasland sine bispeperiodar hadde vi hatt stor fridom til å prøve ut nye ting, og sterk ryggdekning i ein biskop med klassisk bibeltolking. No var det nye tider.

På ein måte blei vi innhenta av dei store endringane i Den norske kyrkja på 90- og 2000-talet. Gjennom Dingstad-saka blei spørsmålet om homoseksualitet redusert frå eit vedkjenningsspørsmål til å bli eit adiaforon, og gjennom denne tidsperioden gjekk det meir og meir i retning av aksept. Det var og mange tydelege biskopar på konservativ side som slutta, og etterfølgjarane var i stor grad meir opne for endring enn forgjengarane hadde vore. Ikkje det at endringar ikkje hadde hendt før. Det blei mogleg for kvinner å bli prestar i 1961, og gjennom 80-talet hadde gjengifte etter skilsmisse blitt meir godteke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men eg tør å påstå at det hende to ras i denne perioden som har hatt stor innverknad på utviklinga som har gjort kyrkja slik ho er i dag. Det eine hende då Rosemarie Køhn innsette Siri Sunde igjen i 1999. Det andre hende i 2006, då heile Lærenemnda la Bibelens ord til grunn for lære og liv, men halve nemnda overprøvde skriftorda om homoseksualitet og gjekk inn for å akseptere det. Vedtaka som Kyrkjemøtet gjorde med å sidestille to syn i saka, var berre ein følgje av dette. Men i Soria Moria i Rogaland hadde vi opplevd det som at vi var langt vekke frå sentrum av hendingane – det var akkurat som ting skjedde i eit anna land.

Dersom du kjører du langs vegen i England når det er mørkt, kan det fort stå ei kanin i vegen. Kaninen sit i midten av vegen, og blir tilsynelatande lamma av lysa på bilen. Kun med stor ferdighet er det mogleg å få auge på kaninen i tide, og få gjort ein unnamanøver for å unngå å kjøre den ned. Dette bildet brukte biskopen av Aston, Andrew Watson, i et føredrag han heldt for skandinaviske prestar – om oss som kristne og som kyrkje i den tida vi lever i. Som Israels hær framfor den store Goliat kan vi kristne og få ein tendens til å skjelve innvendig for den store overmakta og bli lamma av dei sterke lysa. Difor kan vi nesten bli som Gideon, som gøymer seg i vinpressa medan han tresker kornet sitt.

I vinpressa, der Gideon gøymer seg, kjem ein engel frå Gud og talar på ein veldig spesiell måte. Han seier: «Herren er med deg, du djerve krigar (Dom 6:12). Djerv krigar? Er det særleg djervt å gøyme seg? Gideon lesser då ut av seg klagen sin over at Gud tilsynelatande har gløymt folket sitt, og overlete dei til midjanittane. Nesten som om at Gud ikkje har høyrt kva han har sagt, held engelen fram: «Gå og bruk den styrken du eig, til å berga Israel ut av hendene på midjanittane! Det er eg som sender deg (Dom 6:14). Som Moses, Jeremia og Jesaja seier Gideon: «Kven er vel eg? Eg kjem frå ei veik slekt, og eg er yngst». Då sa Herren til han:«Eg vil vera med deg, og du skal slå midjanittane, alle som ein (Dom 6:16).

Faren for oss som kyrkje – og no tenkjer eg breitt om omgrepet – er at vi lett kan bli eit offer for Stockholm-syndromet. Under gisselaksjonar på 80-talet såg ein at når eit menneske er teke som gissel av nokon som har eit heilt anna politisk syn enn dei og blir halden som fange, sluttar gisselet seg til gisseltakarane, overtar deira haldningar og blir ein del av dei andre. For å overleve og vere til stades under stort press, blir ein påverka langsamt av det presset ein er under, og overtek ei haldning og ein posisjon ein ikkje før hadde. Den danske presten Ole Backer Mogensen stiller det opne spørsmålet: «Lider den evangeliske kyrkja under ei form av Stockholm-syndromet for å overleve? Har kyrkja vore under så stort press så lenge at vi for å overleve og for å halde ut begynner å lefle med sanninga?»

Eg har innimellom følt meg litt som Gideon – eller som ein av stridsmennene i Israel sin hær i kampen mot Goliat. For eg kjenner eitt massivt trykk som går på konformitet og politisk korrekthet. Frå media. Frå styresmaktene. Til og med frå øvste hold i kyrkja opplever eg ein slags dobbeltkommunikasjon. Eg som prest kan forkynne som eg vil, men når fleirtalet i bispekollegiet går inn for å leie kyrkja i andre retningar enn eg ynskjer, blir utfordringa på ein måte liggande på mine skuldrer.

Den ryggdekninga vi tidlegare hadde, forsvann då Kyrkjemøtet sidestilte dei to syna på homoseksuelt samliv. Då blei det opp til kvar einskild prest kva vi skulle meine om det, og som åra har gått blir vi som står fast på det klassiske synet meir og meir bakstreverske i andre sine augo. Vi blir til og med kalla intolerante og homofobe. Eg ynskjer å vere lojal mot den kyrkja eg har vore ein del av sidan dåpen, og som eg vart kalla til teneste i då eg vart ordinert. Men det blir meir og meir vanskeleg. For når eg er lojal mot kyrkja, opplever nokon at eg samstundes legitimerer den teologiske utglidinga som skjer. Så lenge eg ikkje avviser min biskop som vranglærar, er eg for dei med på det same laget som han.

Utviklinga i kyrkja smertar meg. Det gjer vondt langt inn i sjela når eg opplever at ting går i feil retning. Det som skjer sentralt i kyrkja er ein ting, men det er endå meir krevjande når folk som eg har sett opp til tidlegare seier at møtet med einskildmenneske har endra synet deira på Skrifta – og skifter side i dei store stridsspørsmåla. Einskildpersonar sine historier er viktige – vi må alltid lytte til menneske sine erfaringar av levd liv. Vårt store forbilde, Jesus, gjorde alltid det. Det står at Han var full av nåde og sanning. Og eg trur ikkje rekkefølgen er tilfeldig.

Det er veldig lett for oss at sanninga poppar ut av oss utan at nåden får komme først. Særleg når vi ikkje kjenner personen eller den er i det same rommet som oss, og det som vi har å seie er viktigare enn det som den andre har å stri med. Det er vanskeleg når livet og læra møtest, men vi må vokte oss for bileta som Jesus bruker om splinten og bjelken, og farisearen og tollaren. Vi må søkje å holde truskapen mot Ordet saman med menneske sine livsforteljingar utan at det går på bekostning av nokon av delane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I Efesarbrevet beskriv Paulus at Jesus er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapenЃcSlik skulle han skapa dei to til eitt nytt menneske i seg – og skapa fred (Ef 2:14-15). I beretninga om Gideon les vi at han bygde eit altar som han kalla «Herren er fred» – Adonai Shalom. Det hebraiske ordet for «fred» (shalom) betyr mykje meir enn at fiendtligheter opphøyrer. Det inneheld tankane om velvære, helse og velstand. Midt i den kampen som mange av oss står midt i, er Gud med sin fred. Jesus seier i Johannes-evangeliet: «Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause» (Joh 14:27). Paulus skriv at «Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus» (Fil 4:7). Denne freden har vi del i når Anden bur i oss. Igjen ikkje fråvære av krevjande situasjonar, men ein fred som går gjennom alt.

For meg har dette vore heilt nødvendig. Det er meir enn nok situasjonar i eit presteliv som kan bringe mismot og tungsinn. Midt i alt som skjer, har orda Ernst Baasland gav meg i ordinasjonen blitt dei berande: «For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom» (2 Tim 1:7).

Eg skulle ønske meg at mange kristne blei sette fri frå Stockholm-syndromet, frå motløyse og frykt. For Han som vi trur på, er sterkare enn alle til saman. Den nye erkebiskopen av Canterbury, Justin Welby, sa i fjor: «Fear is dealt with by grace. It is not who we are that matters, but it is who Jesus is who matters. We are what we are before God, and nothing more. It’s all grace». Nåde motvirkar frykt. Det er ikkje kven vi er som betyr noko, men kven Jesus er som betyr noko. Vi er det vi er framfor Gud, og ikkje noko meir. Det handlar kun om nåde.

Innimellom lurer eg på om du og meg gjer oss sjølve litt for sentrale. Når det viktigaste blir at vi får sagt det vi meiner, og vi gløymer at Jesus alltid møter oss med nåde før sanninga om livet vårt, lurer eg på om vi ser for mykje innover, og for lite oppover. Når Gud kallar oss til ei oppgåve som vi tenkjer er meir enn vi klarer, må vi sjå på Gud og ikkje oss sjølve. «Er noko umogleg for Herren?» spør Gud Abraham (Gen 18:14). Maria seier: For ingen ting er umogleg for Gud (Luk 1:37). Job forstod at Gud kunne gjere alt (Job 42:2), og Jeremia erkjente at ingenting er for vanskeleg for Gud (Jer 32:17). Jesus fortalde disiplane «for Gud er alt mogleg» (Matt 19:26), og Paulus vitna «Alt maktar eg i han som gjer meg sterk» (Fil 4:13).

Det er ikkje kvar dag visjonen om å vere ein fredsberar får heilt gjennombrot i eit presteliv. Nokon dagar siver motløysa si tåke innover meg, og gjer at eg har lyst til å seie takk for meg og gi opp heile greiene. Andre dagar er stridslysta så sterk at det å vere ein fredsberar er langt unna røynda. Enkelte dagar freistar det så mykje å gå ut av kyrkja at eg berre er nokre få millimeter frå å gjere det. Men det er veldig avgjerande kva vi gjer med smerten vår. Vi lever i ei tid som har et anstrengt forhold til smerte. Innimellom er det frykteleg enkelt å døyve den og tenke at dette ikkje gjeld meg. Men det held ikkje lenge. Eg, og mange andre, blir sett på val. Skal eg kapitulere, og seie at Bibelen ikkje lengre er ufeilbarlig? For meg er ikkje det eit alternativ. Skal eg følgje dei som har gått ut, og seie takk og farvel til ei skute som mange seier har vore synkande allerede i mange år? Eller skal eg bli i det som smertar meg, og behalde tilliten til at Gud faktisk kan gjere noko med det som ser ut som døde bein i dalen?

Eg stiller eit ope spørsmål: Kan det vere at Gud faktisk har tillete det som skjer i dag for at vi som hans folk skal søkje Han i større grad? Han kunne enkelt ha gripe inn på mange måtar, men av ein eller annan grunn har Han ikkje gjort det. Betyr det at forkynninga av Ordet Hans slik Han har gitt oss det ikkje er viktig for Han? Nei, «eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk», seier Gud til Jeremia (Jer 1:12). Gud gav meg ein dag eit sterkt kall – det er heilt umogleg å bortforklare det. Og enn så lenge står skystøtta i ro. Eg har lagt livet mitt i Gud sine hender, og eg veit at dersom skystøtta ein dag lettar, følgjer eg med. Det kan koste sveitte, det kan koste blod. Men min himmelske Far, som kvar dag fyller livet mitt med fred, har akkurat det eg treng for å stå fast uansett kva som skjer rundt meg. Eg tar Paulus si oppmoding til kyrkjelyden i Tessalonika til meg sjølv, og gir det no vidare til dykk:

Ver alltid glade! Be uavlateleg! Takk Gud, kva som enn møter dykk! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus. Sløkk ikkje ut Anden! Forakt ikkje profetord, men prøv alt og hald fast på det gode! Hald dykk ifrå vondskap av alle slag! Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem! Trufast er han som kallar dykk til dette. Han skal òg fullføra det (1 Tess 5:15-24).

Denne kronikken er ei n forkorta versjon av eit innlegg som Ola Ohm heldt på Evangelisk Luthersk Nettverk si samling i Oslo i oktober i fjor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Vil vi ha vekkelse?
Les også
Kirken ber om fredelig løsning på Gazastripen
Les også
Takket kirken for rausheten22. juli
Les også
Oase-leder inn i kirken