Arkiv
Framand i byen. Bergens-biskopen Peter Hognestad
Peter Hognestad var stolt over å vere målmann, fråhaldsmann og kristen antirasjonalist.
Per Halse har skrive biografien Peter Hognestad, «Språkstrid og heilag fred» til 150-årsjubiléet for Hognestads fødsel.
Presten og læraren Peter Hognestad var sterkt ynskt av mange vestlendingar då Bergen skulle ha ny biskop i 1916. Han fekk embetet og vart ein avhalden og respektert tilsynsmann for kyrkjelydane frå Sunnhordland til Sunnmøre. Men i stiftsstaden møtte han motstand.
Både gjennom brev og avisinnlegg fekk Hognestad kritikk for mangel på kompromissvilje i språkspørsmålet. Han var den fyrste biskopen som berre brukte nynorsk i tenesta.