Meninger
GENERASJON Z: Skal du fanga deira interesse, må du gjera det innan åtte sekund, seiest det, skriv Marit Hårklau Ådnanes.
Adobe Stock
Forstår me dei – når me dei?
«Kva tar de med frå undervisninga i dag?» Det er eit spørsmål me ofte stiller i lokalt kristent ungdomslag i gruppesamtale etter undervisning.
Eg gjer meg stadig nye erfaringar. Av og til sit dei igjen med lite, andre gonger imponerande mykje. Atter andre gonger hugsar dei ein uvesentleg ting, men har gjerne ikkje fått med hovudpoenget. Og eg som trudde alt gjekk rett inn – i alle fall dei gongene dei sat stille og høyrde etter.
Fine, frimodige, unike, positive unge, men også sårbare og til dels urolege. Skal du fanga deira interesse, må du gjera det innan åtte sekund, seiest det. Dette er generasjon Z.