| I Fokus
Forkynn Ordet!
FORKYNN ORDET: Forkynn Ordet i tide og utide, i medgang og motgang, for Ordet skaper tru, set folk fri og gjev dei nytt liv! skriver Erling Thu.
Adobe Stock
Slik lyder ein av dei siste formaningane som apostelen Pauls gjev til sin kjære son i trua, Timoteus. Faktisk er dette meir enn ei formaning, det er eit apostolisk påbod: «Forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst!» Dette er noko vi må gje akt på, for dette er livsviktig.
Ordet må forkynnast frimodig med full overtyding og med kraft ved Den Heilage Ande om det skal få gjennomslag. Dette er ikkje ei tid til å vera stille. Vi må ikkje trekkja oss tilbake, men vi må stå fram utan å la oss skremma av dei sekulære mørkekreftene.
Vi feirar påske i desse dagane. Vi feirar at Jesus kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen. Jesus har overvunne synda, døden og grava! Han har ført udødeleg liv fram i lyset ved evangeliet.