Leder
FESTDAG: Færre konfirmerer seg – både i kyrkja og elles. Årsakene dei unge oppgir gir grunn til ettertanke.
Larsen, Håkon Mosvold
Foreldre må kunna leggja vekk sine kompliserte liv for ein dag
Nyleg kunne Stavanger Aftenblad melda at rekordmange 15-åringar no vel vekk konfirmasjonen. Rundt 12 prosent av dei i det aktuelle årskullet droppa i 2023 å ha nokon seremoni i det heile. Kvifor er det slik?
Ofte har vi sett endringane i konfirmasjonstradisjonar i lys av sekulariseringa. Human- Etisk Forbund har gjennom åra styrkja sin posisjon vis-a-vis kyrkja. Kyrkja og kyrkjelege ritual har mista rolla som ein sjølvsagt stad for livsriter og markeringar.
Nedgangen i kyrkjeleg konfirmasjon er naturlegvis ein viktig indikator for sekularisering, men biletet er samansett. Fleire kristne organisasjonar tilbyr no konfirmasjon på bedehuset. Frå den siste undersøkinga, er det vanskeleg å få eit heilt klart bilete av korleis fordelinga mellom ulike konfirmasjonsarenaer er.