For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

🍁 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

«Fordi de er jøder»

KRISTNE SITT KALL: Som kristne er vi kalla til å velsigne jødane og be om fred for Jerusalem og Israel og for heile verda, skriv Hans Reite. Biletet er frå Mahane Yehuda-marknaden i Jerusalem i april 2024.
Publisert Sist oppdatert

Overskrifta er tittelen på ei bok som nyleg kom ut og som tek opp spørsmålet om kvifor jødane vert forfølgde og hata. Den som fekk ideen og tok initiativet til boka er Sven Ingvaldsen frå Flekkerøya. Han er aktiv på Bedhuskanalen på tv der han mellom anna leiar Ønskesangen kvar laurdag. Ingvaldsen har vore forretningsmann, men er no pensjonist. Han ynskjer å tale jødane si sak og informere om sanninga. 

Vi har nyleg markert toårsdagen for Hamas sitt angrep på Israel 7. oktober. Det var svært bestialsk der folk vart halshogd, brent og born drepne rett framfor foreldra sine. Mange av dei som vart drepne hadde hjelpt palestinarar på andre sida av grensa med sjukehushjelp, jordbruk og andre ting. Korleis kunne Hamas gjengjelde godt med vondt? 

Ein av dei første som vart drepen var ein ordførar som hadde prøvd å skaffe fleire tusen palestinarar arbeid. Nesten tusen ungdommar som hadde det kjekt på Nova-festivalen vart brutalt drepen. Kva gale hadde dei gjort der dei koste seg med musikk? Kvifor skal hatet få råde mot det jødiske folket? Allereie 8. oktober var det demonstrasjonar mot Israel.

Powered by Labrador CMS