Debatt
STOPP VOLDEN: Demonstranter i Santo Domingo, Den dominikanske republikk markerer den internasjonale dagen for eliminering av vold mot kvinner, 25. november 2021.
Matias Delacroix / AP / NTB
FN sin internasjonale dag mot vald mot kvinner 25. november
Vald mot kvinner er eit alvorlig nasjonalt og internasjonalt problem. Det skjer i alle samfunnslag, uavhengig av nasjonalitet eller religion. Valdtekt og seksuelle overgrep er eit av dei mest traumatiske overgrep eit menneske kan bli utsett for. Det er store mørketal og dei aller fleste overgrepssaker vert henlagt.
I følge FN så vert ein av tre kvinner og jenter utsett for fysisk eller seksuell vald minst ein gong i løpet av livet, og det er den mest systematiske brotet på menneskerettane i verda.
Det femte bærekraftsmålet er likestilling mellom kjønna. Eit av hovudprinsippa i bærekraftsmåla er at ingen skal bli uteleten. Dei mest sårbare menneska må prioroterast og kvinner og jenter er ein del av denne kategorien