| Analyse
TEIKN I TIDA: Fleire gonger i Bibelen vert kristne oppmoda til å følgje med på teikn i tida. Men kva skal det bety i praksis?
Torstein Bøe / NTB
Fleire vil lese enn forkynne om endetid
Å finne balansen mellom å vere sløv og spekulativ verkar å vere vrient.
For over 25 år sidan gjekk eg på Bildøy Bibelskole. Ein vårkveld rusla eg gjennom Bergen sentrum saman med nokre medelevar. På Torgalmenningen stod ein mann som utan mikrofon ropte ut domsord, med åtvaring om flaum og andre katastrofar.
Ein kynisk observatør vil kunne seie at ein knapt treng profetiske evner for å treffe med varsel om flaum i Bergen. Men eg kjende at det kasta seg ein kald skugge over den strålande kvelden. Kunne det vere at han var inne på noko?
Stillare om temaet