| Bokomtale
Fjernt frå den feministiske teologiens misnøye
Er det bra at mann og kvinne er skapte ulike? Ja, meiner Kathleen Nielson.
KVINNA I AKSJON: Men vart det ein evig andreplass herfrå? Kathleen Nielson gjer oss klokare i ei bok som no er omsett til dansk.
Foto: ©Petrik – stock.adobe.com
Kathleen Nielsons tematikk synest alltid vera like brennaktuell og har eit provokativt potensial som lite kan konkurrera med. Vi snakkar kvinners rolle i familie og kyrkjelyd.
Boka «I sit billede skapte han dem – om kvinder og Guds godhed» har utforsking av «Guds godhed» som raud tråd. Gjennom ein haug med spørsmål og 11 kapittel tek ho lesaren med inn i det bibelske materialet for å finna ut om Gud gjer skil på kvinner og menn, kvifor det i så fall er slik, og kva det betyr i praksis.
Denne boka kom ut alt i 2018, men føreligg no i ei lesarvenleg dansk utgåve. Her til lands finst det forsvinnande få som set seg føre å gjesta ein så ugjestmild tematisk topografi med kritisk brodd mot tradisjonell feminisme. Mi eiga erfaring frå den såkalla underordningsdebatten, gjer det lett å skjøna kvifor.