Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

BLACK WEEK 10 uker for 10 kroner Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill tilbudet med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

REDAKTØR: Anne Birgitte Lillebø Bøe er redaktør og daglig leder i pTro.

Fjerning av andakt – eit merkeleg val av NRK

Publisert Sist oppdatert

Nyleg kom nyheita om at NRK veljer å fjerne morgonandakten i p1. Då veljer dei å ta vekk eit tilbod som har lang historie både hos NRK og i den norske radiotradisjonen, og noko som er ein viktig start på dagen for mange.

Dette er eit merkeleg val av NRK. Vitnesbyrd frå Guds ord har vore med å prega det norske samfunnet i årtier, og eg tenkjer det har vore viktig for å forma verdiar i det norske samfunnet.

Dette er ei avspegling av samfunnsendringa – trua blir fjerna frå det offentlege rom. Eg trur ikkje dette er bra. Det kan vere gode intensjonar bak å sleppe mange livssyn til – men ingenting kan erstatte vitnesbyrdet om Jesus. Dersom ein skal formidle innhald frå mange livssyn – blir det då bodskap igjen? Blir det å gå frå formidling av kristen tru – til informasjon om ulike livssyn?

Powered by Labrador CMS