Kommentar
MOSTER: Gudstenesta var eit naturleg høydepunkt i jubileumsfeiringa.
Gjermund Øystese, Norges Krisne Råd
Festgudsteneste med bøn om at alle barn skal få del i kristen tru
Søndag var det festgudsteneste i Moster amfi. Og fest var det verkeleg. Gudstenesta starta i den nesten tusen år gamle kyrkja like ved amfiet.
Der stod Bjørgvin-biskop Ragnhild Jepsen saman med generalsekretær Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd og den katolske biskop Erik Varden i Trondheim. Det er ikkje kvardagskost at protestantiske og katolske kyrkjeleiarar tek del i gudsteneste saman, så det var i seg sjølv eit fint syn å sjå.
Ragnhild Jepsen hadde ei sentral rolle gjennom heile gudstenesta. Og ho har vore oppteken av kristenretten lenge, også før ho kom til Bjørgvin. På kyrkjemøtet i fjor sa ho: «Lat oss bruke jubileumsåret til å setje på dagsorden korleis vi kan vitne om trua på den miskunnsame og rettferdige Kongen som vår kyrkje vedkjenner seg til, og verne om menneskets rettar og verd!»