Debatt
SONG: Kluet med boka var ikkje berre å fylle den med det norske, vi tok inn på folkespråket, songar frå framimot 50 nasjonalitetar, skriv Harald Myklebust.
Gorm Kallestad/NTB
Fellessongen er identitetsskapande
Dagens intervju og leiar måndag 15. august er interessant lesnad og gjev grunn til ettertanke, men også utfordring, som kan gi grunnlag for to-tre spørsmål:
Kva er det som skaper engasjement av tekst, melodi, klang og rytme? Kva er det som skaper identitet, å høyre til, i våre store eller små fellesskap?
Lat meg her kort få dvele norsk allmennlærarutdanning, som er sett til sides for ein spesialiserande faglærerutdanning, som i praksis har teke bort fellessongen, ikkje berre i profesjonsutdanninga av lærarar, altså får skulen lærarar utan songen i verktøykassa si.