☀️ 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Frispark

Er «Guds ord» blasfemi?

FELLES: Det er felles kristen tru å rekne Bibelen for Guds ord, skriv Rolf Kjøde.
Publisert

Så har vi høyrt det òg. Frå ein «luthersk» prest. At det er blasfemi («hädelse») å halde Bibelen for «Guds ord». Ikkje berre naivt, altså, ikkje berre i strid med sunn fornuft og moderne vitskap eller farleg forenklande overfor enkle sjeler. Den felles kristne trua spottar Gud. Ikkje mindre. 

Det er felles kristen tru å rekne Bibelen for Guds ord. Profetane erklærte at «Herrens ord» kom til dei og lydde slik. Apostlane får mandat til å tale slik at vi som høyrer dei, høyrer Han som sendte dei, Han som kallast Guds ord. Paulus er frimodig nok til å kalle bodskapen sin for «Guds evangelium», som dei i Tessaloniki tok imot «som det Guds ord det i sanning er». 

Den nikenske truvedkjenninga, det gamle og samlande uttrykket for det som kyrkja har lært overalt og alltid og derfor er trudd av alle kristne, seier at det var Anden som talte gjennom profetane og som derfor talte sant om Jesus, og at kyrkja er apostolisk forankra. Klemens av Roma skriv i år 96 at ingenting i dei heilage skriftene er falskt, fordi dei er gitt ved Anden.

Powered by Labrador CMS