IDEOLOGI: LHBT-gruppene er altså «misjonærar» for høgst diskutabelt synsmåtar. Dei er ideologar for radikale endringar som kan gje konsekvensar vi ikkje anar, skriv Ingebrigt Austnes.
Adobe Stock
Er ein moderne kjønnsideologi nøytral og fornuftig?
Det er nyttig å vite at dei kreften som skaper LHBT+ og Pridetoga også har sitt «presteskap».
Vi har kanskje vent oss til at når det gjeld kjønn, seksualitet og familie, så er det religion som har vore bestemmande. Og i vår tid, med frigjering frå religion og normer, er det kanskje ei lette når det kjem andre stemmer, som gjer at ein endeleg kan tenkje fritt.
Og endå meir - at dette nye er nøytralt, fornuftig, rasjonelt. Ja, kanskje det er uttrykk for ein draum, dette, at når menneske blir kvitt tradisjon og normer, då blir det fridom for alle.
Og då blir det kanskje ei råd for dei som ikkje fell inn i det vanlege mønsteret for seksualitet og kjønn og familie? Er det dette Pridetoga er uttrykk for – ein draum og ei begeistring for at no skal alle få det bra og endeleg får leve slik dei vil. Og alt blir fryd og gammen?