| Debatt
Er eg ein vranglærar?
ISRAELVEN: Harald Peter Stette skriv i sitt innlegg at å nytte profetiar frå GT for å stadfeste at opprettinga av staten Israel i 1948 er etter Guds vilje, det er vranglære. Dersom det er sant så er eg ein vranglærar, skriv Kjell Furnes.
Dagen-arkiv
Harald Peter Stette (HPS) har 20. desember det som vel må kallast eit angrep på kristne som held fast på at Bibelen har ein tydeleg bodskap om at jødane har ein rett til å vende tilbake til gamle Kana`an. Du finn dette løftet ut gjennom heile GT. Det er fleire spørsmål og påstandar HPS tek opp, men la meg få gripe tak i nokre.
Han meiner at eg med mitt bibelsyn ikkje har teke inn over meg at Gud ikkje gjer forskjell på folk (Rom. 2,11). Eg står fast på at for menneske som enkelindivid då er der ingen skilnad hos Gud. Anten ein er jøde eller nordmann, alle er kjøpt med Jesu dyre blod, og ved trua på han skal alle ein dag samlast i i Guds himmel.
Men dersom ein les vidare i Romarbrevet så finn vi at Gud også har to eigedomsfolk (Rom 9-11). Han har eit jordisk eigedomfolk (5. Mos. 7,6) Eit jordisk paktfolk (1. Mos. 17) og han har eit himmelsk eigedomsfolk (1. Pet. 2,9). Eit himmelsk paktsfolk (Hebr. 11). Så er Bibelen tydleg på at Gud har sin plan og sine framtidsløfter for begge disse to folka.