Er du med i ei bibelgruppe?

I haust vart eg med i ei ny bibelgruppe saman med fem andre damer. Annankvar tysdag samlast me kl 2000-2200. Me er nøye på tida; først 15 minutt mingletid, 20 minutt stille bibellesing kvar for oss etter dagens tema, så samtale om teksten ein time, før me avrundar med delerunde og bøn.

Ingen flakking til og frå kjøkenet; me har kun te og frukt/snacks på bordet. Kanskje høyrest dette traust og kjedeleg ut, men det er absolutt eit av høgdepunkta i veka. Me vert betre kjent med oss sjølv og kvarandre i bibelgruppa, men ikkje minst; me vert betre kjent med Gud. Og det er hovudmålet med bibelgrupper.

På www.sjelesorgogveiledning.no kan du finna nyttig informasjon om du ynskjer å gå i gong med bibelgruppe eller cellegruppe. Det vart eit bra utgangspunkt for oss. Her kan du lesa om gruppestørrelse, ulike roller i gruppa, ulike opplegg, gode spørsmål å stilla, korleis be saman med meir. Øystein Gjerme si bok «Tusen hjem – smågrupper i menigheten» er også å anbefala.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg trur mange hadde sagt ja til å bli med i ei bibelgruppe om dei berre hadde fått spørsmålet. Ein kristen treng å vera tilknyta både storfellesskapet, eit mindre fellesskap og gjerne ha ein medvandrar. For mange forsamlingar har bibelgruppe vore viktig arbeidsreiskap for å oppnå vekst.

LES OGSÅ: Inviterer 12 venner til adventslys-tenning

Eit ynskje om å starta fleire bibelgrupper er også med i strategiplanen til Indremisjonssamskipnaden (IMS). Bibelgrupper kan ha enorm kraft om dei held seg sunne og hensiktsdrivne.

«Bibelgruppa er viktig i forhold til at me får ein tettare relasjon til kvarandre og kan dela og spørja kvarandre om det er noko ein lurer på!» Dette seier ein av ungdomane i samanhengen vår, som sjølv er leiar i ei bibelgruppe. – Jesus og Bibelen får fokus utanom møta og ungdomskveldane – at det kan bli ein del av livsstilen, fortset han.

– Dessutan er det ein fin plass å utfordra seg sjølv på å dela, be og vera opne om sitt kristenliv innanfor ei trygg ramme,- ein fin utviklingsarena.

Og med det har han nevnt mange viktige grunnar for å vera med i ei bibelgruppe. Eg håpar du finn di plass i ei bibelgruppe, om du ikkje alt er med i ei.

Det er eit stort ynskje at forsamlingar ser kor viktig bibelgrupper er, kan gi rom for desse i all «aktiviteten», og også kan nyta godt av alle velsigningar bibelgrupper fører med seg.

LES OGSÅ: Ti år med Salt

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Erkjenner at Selbekk ble stående aleneCharlie Hebdo
Les også
Kristenforfølgelsen øker mest i norsk misjonslandI disse landene er forfølgelsen av kristne verst
Les også
Trosheltene
Les også
«Når dere ber, skal dere si»