| Frispark
Er dei beste nyttårsønskja gratis?
EIT ORD MINDRE: Mitt fremste nyttårsønskje er at dette magiske og mystiske vesenet i norsk språk – man – vert avskaffa, skriv Hallgrim Berg.
Stian Lysberg Solum
Det haglar med tilbod og ønskverdige «forsett» i det nye året. Er det ikkje slankepulver i nettbutikken eller muskeltrening i helsestudio, er det reklame for nye avslappingsturar til Syden. Eller kanskje studieturar for å undersøkje vilkåra for nye kjæringar i Thailand eller på Filippinane, om då ikkje denne dragnaden kan ordnast via postordre frå Ukraina.
Alt slikt kostar pengar, mykje pengar, ja, stundom heile sparekapitalen og halve pensjonen attpå. Særleg når det er utlandet og kjærleiken som lokkar.
Me som ikkje lenger er så vidfuruge, kan halde oss heime og lesa ei bok. I tillegg gå helsesame turar i friskluft og spekulere på dei mange problem i verda, utan at ein treng løyse dei.