❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Debatt

LIKKLEDET I TORINO: Likkledet med to sølvmyntar.

Eit handfast forsvar av trua

Publisert Sist oppdatert

Takk til debattredaksjonen for illustrasjonen de har funne til innlegget mitt fredag, 6. mai. Som det går fram av boka eg nemner i innlegget, er dette eit autentisk bilete av Jesu døde lekam, og i boka blir det gjort greie for heilt handfaste bevis. Eg bruker tid kvar påske til berre å sjå på dette biletet av den døde Jesus sitt andlet, som trass i pinsler og tortur han nettopp hadde vore igjennom, er direkte vakkert. Og i boka som eg nemner, står det slik på side 23:

Mange har påpeikt det underlege i at mannen på likkledet – trass i den verst tenkelige tortur – har et roleg ansiktsuttrykk. Han stråler ut ei uventa og påfallande grad av verdigheit.

I innlegget mitt nemner eg ikkje dei to myntane som er tekne med i det illustrerande biletet. Dei vart oppdaga i den grundige fototekniske analysen av likkledet, ein over kvart av Jesu auge. Myntane er omtalte i boka som eg nemner side 28, men mykje meir grundig i Jostein Andreassen si bok frå 2011: «Likkledet i Torino», side 78 – 86.

Powered by Labrador CMS