For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Eit forsvar for Human-Etisk Forbund

Songen er ei inderleg bøn til «Kjære Jesus» (og «Guds lam»), om at han som bar all verdas synder må gi den døde kvile. Av alle må vi som kristne forstå at dei som aktivt ikkje trur på Jesus, ikkje vil innlemme ei slik bøn i ei sekulær humanistisk gravferd.

Publisert Sist oppdatert

Eg såg ikkje Dagsnytt 18 og Jens Brun-Pedersen sitt forsvar for at Human-Etisk Forbund nekta bruk av Pie Jesu i ei humanetisk gravferd. Det er ikkje så viktig for meg om Brun-Pedersen gjorde det bra der eller ikkje, men vi treng alle å ta eit steg tilbake og gjere prinsipielle vurderingar.

HEF si avgjerd i spørsmålet treng ikkje ha noko med intoleranse, disrespekt og manglande takhøgde å gjere. Songen er ei inderleg bøn til «Kjære Jesus» (og «Guds lam»), om at han som bar all verdas synder må gi den døde kvile. Av alle må vi som kristne forstå at dei som aktivt ikkje trur på Jesus, ikkje vil innlemme ei slik bøn i ei sekulær humanistisk gravferd. Det same vil naturlegvis gjelde «Amazing grace» si tekst om Guds frelse til og nåde mot syndarar, som også har vore nemnt i debatten. Og mange andre tekstar.

Det finns mange tekstar vi som kyrkjer ikkje kan akseptere som del av ei kristen gravferd. Eit angrep på HEF her vil berre slå tilbake på den kristne kyrkja når vi for evangeliets skuld set grenser for kva som skal framførast i ei kyrkje og i ei kristen gudsteneste, som ei kyrkjeleg gravferd faktisk er. Kanskje er kyrkja sin aksept av at kommersielle gravferdsbyrå i stigande grad styrer innhaldet i kristne gravferder noko vi heller skulle fokusere på enn å vere skadefro over at HEF kjem i offentleg gapestokk for å gjere eit tekstleg ryddearbeid.

Powered by Labrador CMS