| Disippel
Eit anna evangelium?
Vi står, som dei kristne i Galatia, alltid i fare for å lytte til og ta inn eit anna evangelium enn Jesu Kristi evangelium.
ENGASJERT: Men eg, som oss alle som vil leve som disiplar, må prøve engasjementet mitt på om det faktisk har eit bibelsk ankerfeste, skriv Ola Ohm.
Adobe Stock
18. juli 1968 inntok ei gruppe ungdommar Uppsala domkyrkja i Sverige under Verdskyrkjerådet si generalforsamling. Avslutningsgudstenesta skulle vere dagen etter, og ungdommane ville gjennom å innta kyrkja vere med og halde delegatane ansvarlege for vedtaka som var gjort.
Gjennom kvelden og natta møtte ungdommane fleire kyrkjeleiarar og dei hadde samtalar, bibellesing, song og eit fellesskapsmåltid. Dagen etter fekk demonstrantane delta i prosesjonen med plakatar. «Studentane vandret opp midtgangen, og kirkegjengerne kunne lese: ‘Rasisme er en fornektelse av kristen tro’. Andre plakatar forlangte at USA skulle slutte å bombe Vietnam, at det måtte bli slutt på Biafra-krigen, og kunngjorde at Gud sto på de fattiges side» (Bakkevig og Kristensen, 2018, s. 12-13).
Ungdomsopprøret i Uppsala har sett djupe spor i dei snart seksti åra som har passert. Mange unge blei vekkja opp til eit sosialetisk engasjement og har i tida etter fått sentrale roller som premissleverandørar i politikken, akademia, media og i kyrkja.