For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

SIDEVAL: Mange tusen møtte opp da Palestinakomiteen arrangerte demonstrasjon for Gaza og for eit fritt Palestina framfor Stortinget og seinare på Youngstorget 4. november.

Ein kan ikkje vera moralsk nøytral

Publisert Sist oppdatert

Ein vert stadig forundra og til tider sjokkert over korleis det vert tenkt og snakka om krigen som føregår i Midtausten. Noko av det mest forunderlege er at så mange vil opptre «balansert» i forholdet mellom Israel og Hamas. Ein vil ikkje ta stilling til sjølve krigen eller velja side. Det gjeld både politikarar og media, endatil regjeringa med utanriksministeren i spissen.

Det vert framstilt som kritikkverdig å ta stilling og velja side i konflikten. Det må vera nokså spesielt for denne krigen. Normalt tek ein stilling, fordi ein meiner den eine parten er angripar og den andre parten er angripen, den eine fører umoralsk angrepskrig og den andre rettferdig forsvarskrig. Det vert oppfatta svært kritikkverdig om ein ikkje tek stilling. Saka er den at krig er eit moralsk spørsmål, og i alle etiske spørsmål må ein ta stilling og handla deretter. Ein kan ikkje vera moralsk nøytral.

Dette ser vi svært tydeleg i krigen i Ukraina. Her har Noreg med regjeringa i spissen teke klart standpunkt og valt side. Det gjeld Vesten i det heile, og det meste av verdssamfunnet.

Powered by Labrador CMS