| Leder
Ein episk sommar
STJERNESPEKKA: Frå venstre skodespelar Matt Damon, regissør Christopher Nolan og Anne Hathaway på «The Odyssey»-premieren tidlegare i månaden.
Evan Agostini / AP / NTB
Denne sommaren har stått i dei store forteljingane sitt teikn.
Ikkje før var fotball-VM-eventyret over, der Noregs innsats undervegs i meisterskapen gjekk frå å vera folkesport til å bli folklore, før sommarens kino-snakkis var over oss for fullt.
Landslagets prestasjonar tok oss til ein overraskande kvartfinale, og undervegs skapte vi ei stor forteljing om nasjonalt samhald, krafta i kollektivet og interessant individualitet.