| Debatt
Ei kvit jul for deg og dine
TRYGGLEIK: Barn som slipp fulle foreldre og andre vaksne heim frå julebord og mykje alkohol i jule- og nyttårsfeiringa er ganske enkelt tryggare barn, skriv Lillebø og Almendingen.
Adobe Stock
Denne hausten kan vi sjå filmen «Stargate – en julefortelling» på kino. Det er ein aktuell, nærgåande og sår film om ein einsleg pappa som har viljen til omsorg for sine to døtrer, men som etter kvart mistar heilt evna fordi han drikk for mykje. Filmen er ikkje ei historie om «den bustadlause alkoholikaren» eller noko anna vi kan peike på for å halde avstand til temaet. Dette handlar om menneske og vanskar som finst nær svært mange av oss, på ulike måtar.
Barn treng ei kvit jul
I vekene framover mot årsskiftet har Vinmonopolet nokre av sine beste salgsveker gjennom året. Drikkinga toppar seg altså med feiringa av advent, jul og nyttår. Det paradoksale er at dette og handlar om veldig store forventingsdagar og høgtidsdagar for barn. Sjølv om mange barn får ei god jul, veit vi at titusenvis av barn i Norge nå styrer inn mot meir utryggleik, vonbrot og mangel på nok omsorg.