Debatt
KYRKJA: Preses OIav Fykse Tveit (biletet) peikar han på at det ved lokal forankring vil bli forskjell på kapasiteten til dei einskilde fellesråda, skriv Dag Sele og Martin Stærk.
Bjørn Olav Hammerstad
Ei demokratisk forankra folkekyrkje
Vi vil peike på at forslaget som nå ligg på bordet tek utgangspunkt i lokale initiativ frå sokna sjølve. Det er eit forslag som tek lokalkyrkja og lokaldemokratiet på alvor.
Prestane har ei svært viktig rolle i Den norske kyrkja. Dei har ein sentral plass i kraft av sin kompetanse og sitt hyrdeansvar.
Men når det gjeld det politiske spørsmålet om korleis kyrkja skal organiserast, eit spørsmål som skal avgjerast av dei folkevalde i Kyrkjemøtet, kan me ikkje sjå at dette er eit lærespørsmål. Me tillét oss difor å vere ueinige med både bispemøtet og presteforeininga i denne saka.
Bispemøtet (BM) har gjort vedtak om eit innspel til Kyrkjemøtet, som nå skal handsame saka om kyrkjeleg organisering. I sitt innspel peikar dei på at ei arbeidsgivarline best kan realiserast ved ei nasjonal forankring av arbeidsgivaransvaret.