| Debatt
Eg trur aldri eg har høyrd forkynning om «kvardagskall»
KALL: Mitt kall er yrket mitt, det å vere lærar, skriv innsendaren.
Gorm Kallestad / NTB
Eg har høyrd tallause talar om det å vere kalla av Gud. Som oftast inneber dei det å vere kalla til misjonsmarka. Ofte har eg setje på benkerada og beundra dei som har snakka om livet sitt i Filippinene, Argentina eller Mexico for eksempel. Dei har snakka om eit liv leia av Gud, i ein framand kultur. Eit eg aldri har kunne førestilt meg. Eit inspirerande liv med Gud, ja, men likevel verkelegheitsfjernt for meg.
Eg har høyrd på, og gjerne notert ned punkt som har utmerka seg. Men i mitt indre har eg hatt ei kjensle av angst, klump i magen, og bedt høgt inni meg: «Kjære Gud ikkje send meg til Filippinene, eller kjære Gud, ikkje send meg til Argentina, eller Mexico.»
Ein søndagskveld i fjor var eg på kveldsgudsteneste i menigheita eg gjekk i då eg framleis var student og høyrde atter ein tale om nokon som delte om Guds kall til å vere misjonærar. Medan eg sat der i salen slo det meg; denne gongen ber eg ikkje til Gud om å ikkje bli sendt hit eller dit, for eg har funne mitt kall. Mitt kall er yrket mitt, det å vere lærar! Det å undervise i fag, men og det å vere ein medspelar i livet bringer elevane mine, det er kallet mitt.