❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Kommentar

«Eg klarer ikkje forsone meg med at eg skal vere dømd til eit liv i underordning», skriv Kari Fure.

Eg har prøvd å underordne meg. Eg fekk det ikkje til

Publisert Sist oppdatert

«Dette er nok berre det første de ikkje blir einige om», sa presten som hadde vigselssamtale med oss. Underforstått: Det kom til å kome konfliktar. Prognosane for ekteskapet var visst ikkje dei beste.

Presten syntes det var ein dårleg idé at vi ikkje skulle ha same etternamn. Vi innvende at vi var einige. Brudgommen skulle heite Johansen. Brura skulle heite Fure. Ferdig diskutert.

Det må understrekast at presten er ein kjekk kar, og at vigselssamtalen vart ei god historie. No har vi levd lukkeleg med kvar våre etternamn i 32 år. Kanskje hadde konfliktnivået blitt høgare om brudgommen hadde kravd at begge skulle heite det same.

Powered by Labrador CMS