| Debatt
Eg har ingen intensjon om å vera imøtekomande overfor katolsk lære

Dette er et leserinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning.
Både Dag Øivind Østereng og Kim Larsen har kommentert min artikkel om katolsk og luthersk lære og forholdet til NLA Høgskolen, og eg vil gje ein litt omfattande respons. Hovudsaka i min kommentar var argumentasjonen som vert brukt frå konvertittar med tanke på kritikk av luthersk lære og forsvar av katolsk.
Frå mi side var det ikkje snakk om å redusera synspunkt til «psykologisk selvforsvar», som Larsen skriv. Eg skreiv tvert imot at det var «greit og forståleg» at konvertittar gjekk ut med overtydinga si. Det var argumenta og argumentasjonsmåten som var poenget mitt.
Eg føydde så til nokre refleksjonar rundt at det er folk tilsett ved NLA Høgskolen som i stor grad frontar den katolske posisjon. Ikkje uventa har det sist vorte ein del kommentert.
Østereng skriv at han opplever tonen i det eg skriv «avvisende og lite imøtekommende». Til det er å seia to ting. Eg har ingen intensjon eller planar om å vera imøtekomande overfor katolsk lære, tvert imot. Så dersom det er på det nivået Østereng har oppfatta det, er det korrekt. Derimot ønskjer eg ikkje å vera avvisande, men imøtekomande over alle menneske, anten dei er katolikkar, lutheranarar, ateistar, muslimar eller kva dei måtte vera. Om eg lukkast med det, er ei anna sak.
Begge viser til at dei er tilsette akademikarar ved NLA Høgskolen, og særleg Larsen brukar mykje av artikkelen på spørsmålet om akademisk fridom og formidling. Han viser m.a. til at han har skrive 50 artiklar i VG. Eg er ikkje akademikar og eg har ikkje skrive kronikkar i VG, men opp gjennom åra har eg sikkert skrive 5.000 artiklar om ulike tema og i ulike samanhenger, mest om teologiske og ideologiske spørsmål i Dagen. Eg har dessutan skrive ca 15 bøker åleine og omtrent like mange saman med andre. Noko av det, særleg ca 1000 sider med indremisjonshistorie, kan sikkert kallast forskning, men mykje er formidling.
Eg har gjort dette utanom den akademiske fridommen ved ein institusjon. Det Larsen og Østereng bidreg med i debatten om katolsk og luthersk kristendomsforståing, kan eg ikkje sjå baserer seg på forskning eller har med akademisk fridom å gjera. Det dreier seg om tru og overtyding, og om formidling på grensa til forkynning.
Det å visa til den akademiske fridommen når ein opptrer konfesjonelt, meiner eg er å misbruka dette sentrale prinsippet i akademia. Det trengst ingen forskning for nå hevda det Larsen og Østereng har skrive. Det er berre å slå opp i katolsk kyrkjelære, faktisk på katekismenivå.
Det trengst heller ikkje forskning for å hevda det Jan Bygstad har framført. Ein kan berre slå opp i dei lutherske vedkjenningsskriftene. I tillegg kan ein lesa generell katolsk og luthersk teologi. Det kan også ein ikkje-akademikar som eg, gjera.
Det å drøfta kva ulike lærepunkt inneber og det å ha ulike oppfatningar på einskildpunkt er noko anna enn å fremja ein konfesjon si kristendomsforståing. I slik undersøking og drøfting kan akademisk fridom gjera seg gjeldande.
NLA Høgskolen er luthersk basert. Det at ein har opna for tilsette frå ulike konfesjonar og det at ein bidreg med undervisning i ulike konfesjonelle samanhengar, betyr ikkje at institusjonen er økumeniske basert. NLA er heller ikkje teologisk pluralistisk basert, som MF har vorte.
Det siste gjorde at det var nødvendig for nokre år sidan å ta oppgjer med folk som ut frå akademisk fridom ville fremja etiske oppfatningar i strid med det NLA står for. Det at folk frå ulike konfesjonar vert vist tillit ved tilsetjing på ein konfesjonelt luthersk institusjon, betyr ikkje at det er fritt fram for å fremja ein annan konfesjon ut frå denne posisjonen.
Sjølv om eg ikkje er akademikar, er eg ikkje heilt utan kunnskap på området for høgare utdanning. Eg har 20 års erfaring frå styret i NLA og Gimlekollen Mediehøgskole (fram til fusjonen med NLA), og eg var med og drog i gang NLA Lærarhøgskolen. Eg har også lenge interessert meg for skulespørsmål, inkludert spørsmålet om akademisk fridom.
Dersom ein i dette spørsmålet held seg til NOU 2006:19 Akademisk frihet, som NLA-professor Gunnhild Hagesæther var med og utarbeidde, går det bra. Denne utgreiinga balanserer den akademiske fridommen med verdibaserte institusjonar sin fridom. Det ser ut for at denne utgreiinga har gått i gløymeboka for mange, men særleg for NLA-tilsett burde denne vera eit viktig dokument. Dersom den teologiske basisen for ein institusjon ikkje har noko å seia i høve til akademisk fridom, vert ideologibaserte institusjonar umogleg. Det bør tilsette ved slik institusjonar vera seg svært medvite.
Eg treng ikkje den «belæringa» om akademisk fridom som Kim Larsen gir meg. Det kan eg, men noko av det han skriv, er nokså meiningslaust. Det finst korkje luthersk eller katolsk akademisk fridom. Det dreier seg om eit generelt akademisk prinsipp, særleg med tanke på forskning. Det å pukka på akademisk fridom for å kunna fremja personlege meiningar, anten det er av etisk karakter eller det er på det konfesjonelle planet, meiner eg er usunt for ein verdibasert institusjon.
Etter mitt skønn burde det vera unødvendig med all verda formalia på dette området, ein burde faktisk tenkja at når eg er tilsett i ein luthersk samanheng opptrer eg i samsvar med det, og legg om nødvendig avgrensingar på meg sjølv i kva eg vil formidla og fronta.
Eg skal her ikkje gå djupt inn på dei teologiske momenta som Østereng og Larsen løfter fram, men eg vil kort kommentera to spørsmål – og ut over det viser eg til Jan Bygstad sin omfattande dokumentasjon når et gjeld katolsk lære sett opp mot luthersk.
Begge påstår at det no er liten forskjell på læra om rettferdiggjeringa, og viser til felleserklæringa frå 1999. Det er underleg at konservative teologar kan visa til denne erklæringa, anten dei er katolske eller lutherske. For det eine er det jo slik at Vatikanet si godkjenning presiserte at det som her var sagt, ikkje måtte tolkast i motsetnad til eller som korrigering av det som tidlegare var fastlagt som katolsk lære om rettferdiggjeringa. Det har altså ikkje skjedd noko frå katolsk side.
Dessutan er det jo slik at lutherdommen ikkje har pave, kyrkjemøte eller eit organ som Vatikanet som kan fastsetja lære. Det ligg i vedkjenningsskriftene, som ein anten sluttar seg til eller avviser. Det finst kort og godt ikkje noko organ innan den lutherske kyrkja som kan ta stilling til lærespørsmål på vegner av den lutherske kyrkja. Det har sin grunn i prinsippet om Skrifta åleine, og at Skrifta er klar, slik at all lære og all læreautoritet går tilbake til Skrifta.
Rett nok har Det lutherske verdsforbundet teke på seg ei rolle som det etter luthersk lære ikkje kan ha i lærespørsmål. Organet kan berre fungera legitimt på eit praktisk og administrativt plan. Dessutan er det kjent at dette organet er prega av liberal og bibelkritisk teologi, som eg reknar med korkje underteikna, Larsen, Østereng eller Bygstad vil vedkjenna seg. Det heile er altså ikkje teologisk truverdig.
Østereng seier kan kan syngja salma «Ren og rettferdig», som eg har vist til, og så refererer han noko frå denne, men han hoppar bukk over det som var mitt hovudpoeng med det eg siterte, nemleg dei to små orda «alt nu».
Eg er fullt innforstått med at i katolsk teologi legg ein frelsa til Jesu person og verk, sjølv om ein forstår ord som tru og nåde annleis enn i lutherdommen, med dei relativt store teologiske konsekvensane det har.
Eg går ut frå at Østereng ikkje reknar seg som helgen i katolsk meining av ordet. Korleis kan han då som katolikk stemma i at han «alt nu» er ren og rettferdig og himmelen verdig, altså at det ikkje trengst noko utfylling eller reinsing etter døden, i skjærselden? Eg held fast på at læra om skjærselden er eit testspørsmål på om læra om rettferdiggjeringa er katolsk eller luthersk.
Om det ikkje skulle koma nye moment eller direkte utfordringar til meg i denne debatten, reknar eg med at dette er siste ordet frå mi side.