| Kommentar
Eg er ferdig utan pinseunderet
Langs tørre langdistansar trengst opningane som overraskar og forfriskar.
FORFRISKING: Pinse er ikkje for spesielt inviterte og interesserte, skriv Sofie Braut i denne kommentaren.
Terje Bendiksby / NTB
Kommentaren er ein oppdatert versjon av ein vi publiserte pinse 2024.
Hugsar du sist du traska gatelangs i ein oksygenfattig by med litt for tette sko?
Eller den gongen du besøkte ein solfylt park, men fann ut at alt du hadde planlagt å sjå, var mykje lenger frå kvarandre enn kartet gav inntrykk av?