For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

VONBRÅTEN: Kjell Bondevik (KrF) under regjeringskrisa i 1971.

«Eg er djupt såra og vonbroten»

Publisert Sist oppdatert

Sitatet kan eg hugsa Kjell Bondevik (KrF) uttala i Stortinget for mange år sidan (1971). Eg føler litt av det same i dag når eg har følgd med i KrF i mange år. Partiet var tydlegare i sine standpunkt for 40–50 år sidan. Det forpliktar å ha ordet «kristeleg» i partinamnet.

Sjølv om partiet si oppgåve er politikk og ikkje trussamfunn, må kristentrua avspegla seg i politikken. Eg trur at KrF som parti må vera noko anna enn dei andre. Partiet må tydleg målbera verdiar i samsvar med den heilage skrifta i tillegg til andre samfunnsspørsmål. Stortinget har i dei seinare åra vedtekne fleire nye lover som ikkje er i samsvar med Bibelen. Her burde KrF sine representantar koma med klår tale.

Dersom partiet framover ikkje er tydeleg, vil KrF sin plass i Stortinget snart vera historie. Kven skal då målbera kristenfolket sitt syn? Trur leiinga i partiet i dag at dei skal femna breitt i høve til nye veljarar? Kva med mange trufaste medlemer som er i tvil om dei vil støtta partiet vidare?

Powered by Labrador CMS