| Debatt
Eg blir i KrF med stort frimot
UAVKLART: Som Totland kjenner eg djupt på smerta over dei lidingane som vi er vitne til på Gaza. Eg ser berre ikkje korleis det rammar KrF, skriv Rolf Kjøde.
Tore Hjalmar Sævik
Lettare oppgitt over alle usaklege nettkommentarar til Marit Elisebet Totlands utmelding av KrF, skriv eg heller ned mine tankar om kvifor eg blir verande med frimot etter meir enn 50 års medlemskap. Og kvifor eg ikkje følgjer argumentasjonen hennar.
Vegen inn i ungt politisk engasjement for meg var kampen for menneskeverdet i abortsaka og kampen mot den globale uretten og fattigdomen. I begge desse sakene hadde KrF høgst truverd på 70-talet – og dei har det i dag. Eg ønsker meg samtidig meir kraft og mot til å fronte ein politikk som tar dei globale klimaendringane tydelegare på alvor.
Sjølv Senterpartiet knakk saman under børa då tilgangen til å fjerne barnet i mors liv blei utvida til 18 veker i fjor. KrF står aleine igjen som det ufødde livet sin klare forsvarar. KrF er også dei som står opp og fram i kampen mot den inhumane utviklinga i retning aktiv dødshjelp, og dei har i år kjempa gjennom tiltak på det som er alternativet, ei styrkja palliativ omsorg.