Debatt
ULYKKE: Tre biler var involverte i ei alvorleg trafikkulykke på E16 ved Seimsvatnet i Voss i mai.
Sandor Dahl / NTB
E16 Bergen–Voss treng ikkje u-hjelp
Forutan hjelp til u-land, vil Brynjulv Hernes prioritera hjelp til ny E16 mellom Arna og Voss, skreiv han 11/10.
Men dagens E16 mellom Bergen og Voss har minst to felt, og reisande mellom Bergen og hytta i indre strok utgjer ein stor del av biltrafikken i helgene og i feriane. E16 aust for Arna er difor mykje for rike hytteeigarar.
Hernes hevda òg at denne vegstrekninga har mange dødsulukker. Ja, men kva er årsaka til desse ulukkene? Svar: Største dødsårsak er dårleg sjåføråtferd, medan ras – som utløyste arbeid for ny veg- og togtrasé Arna-Voss, ikkje har drepe nokon. Likavel kallar lobbyen og fleire politikarar vegen for «dødsvegen», og opptrer slik manipulerande.