| Debatt
Dugnad som gir håp
DUGNAD: Biskop Ragnhild Jepsen ber om folk sin innsats i ei vanskeleg tid for mange i verda.
Geir Endre Kristoffersen
Vår felles innsats for dei som lid naud har sjeldan vore så viktig som no. Rike land kuttar i bistanden, medan krisene i verda veks.
Vi mobiliserer tusenvis av konfirmantar og andre til dugnad for Kirkens Nødhjelp, både i Den norske kyrkja og andre kyrkjesamfunn. I den årlege fasteaksjonen får mange besøk på døra av våre bøsseberarar like før påske.
Det er lett å bli motlaus i denne verda, men med fasteaksjonen kan vi alle vera med på å gjera ein forskjell. Pengane vi gir, vert brukte der dei gir mest nytte, i alle dei over 20 landa der Kirkens Nødhjelp er engasjert. Desse midlane er heilt avgjerande for at organisasjonen kan setje i gang store naudhjelpsoperasjonar når katastrofar inntreff og skalere opp arbeidet for dei som treng det aller mest.